Dei som jobbar her er fysioterapeutane Kjetil Mo Solbakken, Tone Krumsvik, Kristine Rebbestad og Kine Ulvestad.
Ørsta fysioterapi tilbyr undersøking, vurdering og behandling av menneske som har sjukdom, skade eller smerte i muskel-, skjelett- og nervesystemet.
Vi behandlar born og vaksne, både individuelt og i grupper.
Behandlinga vår er basert på ei grundig undersøking der ein mellom anna vurderer sjukehistorie, kartlegging av daglege funksjonar, bevegelsesanalyse og spesifikke testar, for å kunne seie noko om kvifor pasienten/brukaren har smerter eller funksjonsproblem.
Vi set opp kortsiktige og langsiktige mål for behandlinga i samhandling med pasienten/brukaren.
Det vert lagt stor vekt på ressursar for å stimulere til eigeninnsats og meistring.
Døme på tiltak som vert brukt kan vere trening på ein spesiell funksjon, øvingar med apparat eller slynge, øvingar utan apparat, rettleiing til eigentrening, elektroterapi, trykkbølgebehandling, ultralyd, taping, tilpassing av solar, tøyingar og mobilisering av ledd og muskulatur.
Klikk vidare på lenkene ovanfor om du vil ha meir informasjon om oss og tenestene våre.