Me kan no tilby gruppetrening på nett, og har starta opp ei lukka facebookgruppe der me deler fysiopilatestrening. Dette er eit tilbod til deg som er kunde hos oss. Du kan be om å bli medlem ved å trykke på lenka her, eller kontakte oss for meir informasjon
Forfatter: Tone Krumsvik
Velkomen til oss; smitteverntiltak
Ring oss på telefon 700 67430 for å avtale time.
Dersom du har AVTALE med ein av oss kan du kome inn og vente, men det er plass til maks tre personar på venterommet. Kom akkurat til timen, ikkje før.
Har du inga avtale kan du ringe på ytterdøra, eller ringe oss på telefon.
Berre dersom du er heilt SYMPTOMFRI kan du få time. Er du i karantene eller har luftvegssymptom eller feber må du halde deg unna.
VASK HENDER PÅ VEG INN OG UT AV LOKALET.
Hald EIN METERS AVSTAND til alle andre i lokalet enn din terapeut.
Møt ferdig skifta og ha med deg innesko eller bruk skoposar.
Dersom symptom oppstår under eller etter behandling må du gi oss beskjed.
Velkomen til oss!
Gravid- og barselgrupper
Velkomne til gravid- og barselgruppene våre!
Her får du god og fagleg godt oppdatert rettleiing i trening og bevegelse i svangerskap og barseltid. Det er leia av fysioterapeut og kan vere eit ledd i ei behandling med refusjon frå HELFO, eller som frisktrening. Ta kontakt for meir informasjon. På begge gruppene får du individuell undersøkelse om du ønsker dette 🙂
PILATES FOR GRAVIDE
TYSDAGAR KLOKKA 13.30
Fysio-pilates er ei roleg og kontrollert treningsform som passar godt for gravide. Treninga kan førebyggje eller lindre i forhold til bekkenplager og ryggsmerter, og kan passe både for friske gravide og for dei som har plager. Treninga verkar oppmjukande for heile kroppen, styrkande for haldningsmuskulatur, og fødselsførebuande med tanke på pusteteknikk og gode øvingar/bevegelsar. Du kan vere med frå 14.veke og heilt fram til fødsel.
BARSELTRENING
TORSDAGAR KLOKKA 11.00
Her brukar vi mykje av dei same øvingane som på gravidtreninga. Du kan ta med babyen på trening, og det handlar om å styrke riktig muskulatur for å kome i form igjen etter fødsel. Du kan starte ca 6 veker etter fødsel. Det er mykje fokus på bekkenbotn, magemusklar og generell kroppsbevisstheit som er fin å ha med etter ein fødsel.
Tone Krumsvik telefon 91104989