Heile Ørsta fysioterapi var på kurs med hjerneforskaren Per Brodal og seniorpsykolog Borrik Schjødt sist fredag. Temaet var smerte i eit nevrobiologisk og biopsykososialt perspektiv. Smerte er komplekst, men her er ein kort video som kan gjere det litt enklare å forstå kvifor vi har vondt!

Gravid- og barselgrupper

Velkomne til gravid- og barselgruppene våre!

Ta kontakt for påmelding.

Her får du god og fagleg godt oppdatert rettleiing i trening og bevegelse i svangerskap og barseltid. Det er leia av fysioterapeut og kan vere eit ledd i ei behandling med refusjon frå HELFO, eller som frisktrening. Ta kontakt for meir informasjon. På begge gruppene får du individuell undersøkelse om du ønsker dette 🙂

PILATES FOR GRAVIDE

TYSDAGAR KLOKKA 13.30      

Fysio-pilates er ei roleg og kontrollert treningsform som passar godt for gravide. Treninga kan førebyggje eller lindre i forhold til bekkenplager og ryggsmerter, og kan passe både for friske gravide og for dei som har plager. Treninga verkar oppmjukande for heile kroppen, styrkande for haldningsmuskulatur, og fødselsførebuande med tanke på pusteteknikk og gode øvingar/bevegelsar. Du kan vere med frå 14.veke og heilt fram til fødsel.

 

BARSELTRENING              

TORSDAGAR KLOKKA 11.00  første time 21.4.2022

Her brukar vi mykje av dei same øvingane som på gravidtreninga. Du kan ta med babyen på trening, og det handlar om å styrke riktig muskulatur for å kome i form igjen etter fødsel. Du kan starte ca 6 veker etter fødsel. Det er mykje fokus på bekkenbotn, magemusklar og generell kroppsbevisstheit som er fin å ha med etter ein fødsel.

 

Tone Krumsvik telefon 91104989