Ergonomiseminar 22. mars

FRISK PÅ KONTORET! God arbeidshelse er lønsamt for både arbeidsgjevar og tilsett.

Muskel- og skjelettplager belaster det norske samfunnet med rundt 70 milliardar kroner kvart år, og kvar einaste dag med sjukefråvær koster di bedrift 2600 kroner. Heldigvis er det mykje arbeidsgjevar kan gjere for å førebygge.  Det er ei glede for oss i samarbeid med Lindbak, Adcom og Interoptik Nymark å ynskje velkomen til formiddagsseminar om ergonomi på kontoret og røyrsle i arbeidskvardagen – målet er å bidra til å auke både lønsemd og trivsel i di bedrift. Der blir høve til å prøve ergonomisk tilbehør for kontor og PC, samt bord og stolar. Velkomen skal du vere!

Tid:            Onsdag 22. mars kl 0815-1130ergonomi

Stad:          Lindbak, R-Senteret, Hovdebygda

Pris:           Gratis

For påmelding trykk link : https://goo.gl/HUHDSN

 

Program:

08.15-08.30:   Kaffe, frukt, registrering

08.30-08.40:   Velkomen

08.40-09.25:   Ergonomi- Korleis ivareta helsa til deg og dine tilsette på
                        arbeidsplassen. Kine Ulvestad v/ Ørsta Fysioterapi

09.25-10.00:   Auge og syn hos arbeidstakaren. Interoptik Nymark
10.00-10.05:   Kort beinstrekk
10.05-10.35:   Bli kvitt stiv nakke, ryggsmerter og musesjuke med
                        ergonomiske arbeidsverktøy. Adcom Søre Sunnmøre

10.35-11.00:   Høve til å prøve ergonomi-produkt, bord og stolar.
                        Enkel servering.

11.00-11.45:   Ergonomiske bord og stolar, aktivitetsbaserte arbeidsplassar.
                        Lindbak

11.45-12.00:   Rørsle ved skrivebordet v/Ørsta Fysioterapi, avslutning