Arbeidsplassvurdering

Sjukdom og skade kan gjere det utfordrande å vere i arbeid, og i nokon tilfelle kan det vere forhold på jobb som gjer at ein får muskel/skjelettplagar, såkalla arbeidsrelaterte muskel/skjelettplagar. I mange tilfeller skal det små endringar til, som ulike tilretteleggingstiltak, for å førebyggje plagar forårsaka av arbeid. Tilretteleggingsbehov på arbeidsplassen kan vurderast av fysioterapeut med godkjent kompetanse.

NAV kan dekke utgiftene når ein fysioterapeut vurderer tilretteleggingsbehov på arbeidsplassen. Du kan få ei arbeidsplassvurdering om du er ansatt i ei bedrift utan bedriftshelseteneste og er sjukemeldt eller står i fare for å bli sjukmeldt.

Ei arbeidsplassvurdering inneheld ei funksjonsundersøking av deg som treng vurdering, og eit besøk på arbeidsplassen din for å vurdere mogleg tilrettelegging. Målet med tilrettelegginga er at du kan byrje i arbeid igjen heilt eller delvis, eller førebyggje sjukefråvær. Etter arbeidsplassvurderinga vil arbeidsgivar få tilbakemelding slik at forslag og tilrådingar kan følgast opp i bedrifta.

Både arbeidstakar sjølv, arbeidsgivar, behandlande fysioterapeut, NAV eller sjukemeldar kan ta initiativ til ei arbeidsplassvurdering . Ordninga er frivilleg, og forutset at den sjukmeldte sjølv er interessert. Sjå meir informasjon om ordninga på NAV.no.

Fysioterapeut Kine Ulvestad har godkjent kompetanse for å gjere arbeidsplassvurderingar, ta direkte kontakt med Kine på mobil nr 994 85 208 om du vil ha meir informasjon.