Medisinsk treningsterapi

Mange muskel- og skjelettplager behandlast ved bruk av systematisk trening. Trening stimulerer til strukturelle forandringar i musklar og sener, og verkar også direkte smertelindrande. Medisinsk Treningsterapi – MTT er ein vitenskapleg underbygga behandlingsmetode knytta til den biopsykososiale modellen, der grunntanken er at pasienten er den aktive part i behandlinga. Pasientar får individuelt tilpassa program som dei anten brukar heime eller ved å gå i ei gruppe under rettleing av fysioterapeut. Trening som er rett dosert aktiverer det nedadgåande smertehemmande systemet gjennom produksjon av endogene opiatar i det sentrale nervesystemet. Kunnskap om korleis trening reduserer smerter ligg til grunn for val av behandling.

Vil du lære meir om MTT kan du lese meir her.