Vi som jobbar på Ørsta fysioterapi har god erfaring med bruk av trykkbølgebehandling ved fleire kroniske smertetilstander i muskel og skjelett. Behandlingsmetoda kan vere eit alternativ til lange kurar med betennelsesdempande medisin, kortisonsprøyter og kirurgiske inngrep.
Trykkbølgene skapast av lufttrykk. Terapeuten trykker derfor et trykkluftdreve stempel mot huda over det smertefulle området. Den gir små, kortvarige slag mot vevet. Slaga kjem svært raskt og kan kjennast som små hammerslag mot hud og vev lokalt. Behandlinga kan vere litt ubehageleg, men dei fleste toler ubehaget den korte tida behandlinga varer.
Det forskast framleis på virkningsmekanismane og effekt av behandlingsforma. Det ein meiner skjer i vevet under behandlinga er at trykkbølgene bryt ned skada vev og kalkpåleiringer. Kroppen reagerer med å auke blodsirkulasjonen i området som behandlast. Den auka blodsirkulasjonen set i gong kroppens eigne reparasjonsprosessar og får dei til å gå raskare. Ein norsk oppsummeringsartikkel har vist at trykkbølgebehandling har ein positiv effekt for pasientar med kronisk rotatormansjettsyndrom med kalknedslag(smertefull skulder med påvist kalk), og at det kan forsøkast ved kronisk lateral epikondylitt(tennisalbue).