Gravid- og barselgrupper

PILATES FOR GRAVIDE

TYSDAGAR KLOKKA 13.30

Fysio-pilates er ei roleg og kontrollert treningsform som passar godt for gravide. Treninga kan førebyggje eller lindre i forhold til bekkenplager og ryggsmerter, og kan passe både for friske gravide og for dei som har plager. Treninga verkar oppmjukande for heile kroppen, styrkande for haldningsmuskulatur, og fødselsførebuande med tanke på pusteteknikk og gode øvingar/bevegelsar. Du kan vere med frå 14.veke og heilt fram til fødsel.

 

BARSELTRENING

TORSDAGAR KLOKKA 11.00

Her brukar vi mykje av dei same øvingane som på gravidtreninga. Du kan ta med babyen på trening, og det handlar om å styrke riktig muskulatur for å kome i form igjen etter fødsel. Du kan starte ca 6 veker etter fødsel.

 

 

Ta kontakt for meir informasjon/påmelding.

Tone Krumsvik telefon 91104989