Fysiopilates

Både Tone og Kine er sertifiserte Fysio-Pilates instruktørar frå StudioPilates i Bergen. Fysio-Pilates er ei oppdatering av den tradisjonelle pilatestreningen. Mange av dei tradisjonelle øvingane bærer preg av at grunnleggjaren Joseph Pilates jobba mykje med dansarar, og dei krever difor meir fleksibilitet, styrke og kroppsbehersking enn det gjennomsnittet i befolkninga har. I Fysio-Pilates har metoden blitt oppgradert i tråd med nyare forskning og viten innen fysioterapifaget. Dei fleste øvingane har blitt brote ned for å gje ei meir trinnvis oppbygning, og nye øvingar har kome til. Det her gjer metoden til eit godt redskap til både behandling og førebyggjing av plager.

Tone og Kine har grupper som går frå mandag til torsdag, både _MAO4850smalpå kveldstid og på dagtid. Vi jobbar i små grupper slik at vi får god moglegheit til å følgje opp kvar enkelt slik at treninga blir så effektiv og skånsom som mogleg.

Sjå kva tid som passar deg best på timeplanen og ta kontakt om du ønskjer å melde deg på ei gruppe. Vi anbefalar å ta ein introtime med individuell rettleiing i øvingane før oppstart om ein ikkje har deltatt på liknande trening tidlegare.